torsdag 30. april 2009

Litt av kvart

Dumt eg ikkje hadde eit før-bilete - men slik ser det ut når vaskehjelpen vår har rydda i skohylla!! Marte vart heilt forvirra - og lurte på kvar ho skulle plassera skodn sine... Har fått oss ny vaskehjelp - den gamle slutta berre å koma - so då var det berre å finna seg ein ny.


Veka har gått fort - og bra er det. Har vore på foreldremøte for å diskutera skuletur for ungdomssteget på Qatalum Norwegian school - og dersom alt går etter plan vert det 5 dagar i Nepal for Gøril - det er nokon som har det... Avreise 3. juni.

I går var me til skreddar for fyrste gong her i Qatar. Gøril har formingsoppgåve som går ut på å tegna og få sydd seg ei drakt/kjole - og i går fekk me ordna med både stoff og skreddar. Vert spennande å sjå korleis det vert - alt var 'No problem' - veit ikkje om det er lovande - eller???
Ove bestillte seg òg ei skjorte - har tenkt å ha fleire - men prøver med ei fyrst. Får seg då skreddarsydd skjorte til litt over 100 kr.
Og - det vert ikkje akkurat kaldare her - over 40 grader midt på dagen no. Har investert i vifta ute ' 'teltet' - det trengst !!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar