mandag 24. august 2009

So var me på plass i Qatar att

Var faktisk ganske godt å koma nedatt - kjekt å treffa att venner. Eg og Eirik brukte litt ekstra tid på flyplassen pga manglande kuffert - men den var heldigvis lokalisert - so me fekk den att dagen etter.
Gøril har allerede starta på skule - ho skal i år gå på American School of Doha - ilag med 8 andre norske frå Qatalum. Var nok litt vanskeleg - men det håpar me kjem seg etterkvar. Eirik startar i 6. klasse på Qatar Norwegian School i morgon. Vert spennande - skulen var vel litt over 70 elevar ved skuleslutt i vår - men er no oppe i rundt 150 elevar - Eirik sin klasse er den største med over 20 elevar.
Og so har Ramandan starta - so då kan me ikkje eta og drikka 'offentleg' - kan ikkje ta med den obligatoriske vassflaska i håndi dersom me skal gå litt - so då er det ikkje langt me kan gå - for no er det veldig heitt her nede. Men det går fint å ligga litt ved bassengkanten - eller eigentleg so vert det mest uti bassenget (som eigentleg ikkje er so veldig avkjølande)....
Prøvde oss på shopping i går - i år veit me at under Ramadan so åpnar ikkje butikkane ikkje før om kvelden - men me klarte sjølvsagt og bomma litt likavel - for den butikken me skulle handla skulemateriell til Gøril på - den åpna ikkje før kl. 2030 - me var der over ein time før ...