mandag 13. april 2009

Torevèr

Ja - det kan regna her og - når det fyrst regnar so kjem det ofte nokon relativt korte - men veldig kraftige regnbyger. Då er det til å sjekka at huset er tett - noko det som regel ikkje er...
I går lyna og tordna det mesteparten av ettermiddagen. 1. regnkave kom om ettermiddagen - og eg benytta då sjansen på å få kosta vekk all sanden på uteområdet vårt. Såg veldig fint ut etterpå.
Seinare på kvelden kom det fleire kavar - og idag tidleg fann eg ut at regnet hadde skylt med seg ned all sanden + ein del skrot frå taket og ned på uteområdet - so no ser det mykje verre ut enn før eg kostar. So då er det til att med kost og hageslange... MEN - idag skin sola !!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar