søndag 11. oktober 2009

Ørkentur - Inland Sea

Prøver alltid å få til ein ørkentur når me har besøk - men me er då avhengig av hjelp frå andre for å få med alle. Takk til Kjellbjørn og Gro som forbarma seg over oss denne gongen!!


Etter masse sol og bad ved Inland Sea var det klart for dynekøyring - og Anders hadde spara litt batteri på kameraet for å filma fyrstemann som køyrde seg fast - og denne gongen vart det Ove - men det vart ikkje filming då Anders måtte ut og dytta. Men både besøk og sjåfør likte turen - 'bedre enn Tusefryd' sa Tove Mette etter ei bratt utførkøyring. Eit av bileta under viser bakken me køyrde ned.





onsdag 7. oktober 2009

Vannscooter

Trur dette er lika kjekt for dei stor gutta som for jentene !!







Kamel-riding ++

For å få litt avveksling frå compound-bassenget valte me å ta oss ein dag på Seeline Beach Resort. Og - allerede ved motorvegen mellom Wakrah og Messaieed køyrde me forbi ein flokk kamelar.




Ute på Seeline kosa me oss ved bassenget - og Anita, Tove Mette, Mathilde og Morten fekk ri på kamel.








Haustferie i Norge

Denne veka er det haustferie i Årdal - og me har Årdalsbesøk. Veninna til Gøril - Anita - kom allerede natt til torsdag medan Tove Mette m/fam kom natt til laurdag - so no er det folksomt her. -Og mykje logistikk med ein storfamilie på 10 stk!! Men det går veldig greit - og det er kjempekjekt med besøk.



Ove, Anders, Gøril, Anita og Eirik prøvde seg allerede laurdag på ATV-køyring - men det var for mykje vind - masse sand i lufta - so det vart kun ein liten forsmak på ørken for dei.

Dagane går stort sett med til bading - bassenget i compounden har sjølvsagt vore mykje i bruk - men dei har òg vore på Seeline der det vart bading både i sjøen og på stranda og dei fekk òg nokre timar på Al Banush - klubben vår.
OG - og og Tove Mette har sjølvsagt fått stelt hender og føtter på Beauty salongen!!

Legg ved nokre bilder frå souqen - alltid kjekt å ta med besøkande dit!! Ungane likte spesielt godt 'dyre-souqen'.