mandag 1. desember 2008

Julesteming??

Ikkje lett å få julesteming her. Ein ting er at det er sydentempratur her - ein annan ting er at det er omtrent ikkje er julepynt, juleutstillingar å sjå rundt omkring. Skulle ha julepapir for å få pakka inn julepresangar - fann det til slutt - men det var ikkje mange butikkar som hadde dette. MEN - var faktisk inne på ein butikk der dei spelte julesongar - so då vart eg ei stund der.
Var òg på julemesse i går - og der var det 2 norske skuleelevar som underholdt litt med eit par julesongar - veldig koseleg.
I kveld skal me på premiere på West Side Story på American School of Doha. Marte er med som dansar - og er nok veldig spent - og det er me andre òg. Er solgt nesten 500 bilettar til premieren. Det skal vera 3 forestillingar - so denne veka reiser ho til skulen 0615 og er tilbake ca. 2200 - so det vert lange dagar på ho.
Ove er i England på kurs denne veka og får ikkje sett forestillinga - men han var på ein av prøvane og sa det var veldig bra.

Ronja Røverdatter

Qatalum Norwegian School har brukt 2 veker på å øva inn forestillinga Ronja Røverdatter - og tysdag i forrige veke var det tid for premiere. Og det var ei flott oppleving. Flotte kulisser, flinke skodespelarar, fine kostymer og fin musikk - og alle elevane var mykje med. Forestillinga var ute om kvelden - og det skapte fin røvarsteming med atdet var mørkt rundt oss.
Gøril var med som storvette - og bidrog med song i kor og dans medan Eirk var borkarøvar - og song og dansa han òg. Begge hadde 1-2 små replikkar - og Eirik avslutta dansen han var med i med ein flott salto.

søndag 16. november 2008

Roleg helg

Vart ei ganske roleg helg - sat mykje ute framfor huset og skravla med naboane.
Fredag prøvde me jentene oss på ein beauty salong - men det var heilt feil dag å prøva det på - for dette var visst dagen alle Qatari-damer pynta seg på håret. Er ikkje so ofte me ser desse damene uten abaya - men på desse beautysalongane må dei berre ta dei av.
Laurdag var Marte på øving og Gøril på fotballtrening (Ove var sjåfør) medan eg og Eirik kosa oss i bassenget.
I dag er det søndag - og ungane er på skule og Ove på jobb. Skulle ha jobba litt eg òg - men gjestenettet er ute på Site - so då vert det berre gjort det aller nødvendigaste.

onsdag 12. november 2008

Det skjer no litt her då ..

sjølv om bloggen ikkje vert oppdatert. Har framleis ikkje internett heime - og når internett i tillegg er ustabilt ute på site (fabrikkområdet) so vert blogging nedprioritert. Sidan sist so har det faktisk vore ein dag med regn (regna masse i ca. 1 time) - med påfygjande overskya ver - var overskya i nesten ei veke. Men no skin sola att - slik at brunfargen vert friska opp til me skal heim til jul.
Har brukt litt tid til shopping i det siste - julepresangar skal handlast inn og Marte treng kostymer og sko til West Side Story - premieren er 1. des. Har funne sko + eit antrekk - men manglar enno 1 skjørt.
Ellers so har me no snart fått opphaldstillatelse. Damene i familien har omsider vore på medical - test (blodprøve og røntgen) og fingeravtrykk - dei skulle ha alle fingrar + handflate !! Dette har teke ein del tid - for dei klarar ikkje å få det til slik at me får gjera dette samtidig.
Laurdagane er Marte oppteken med musicaløving og Gøril oppteken med fotballtrening - so då må me andre finna på noko på for oss sjølve. Denne laurdagen var me på tennisturnering - der dei beste damene i verden deltok. Me fekk med oss ein semifinale i double.

søndag 26. oktober 2008

Overskya

I dag er det faktisk nesten overskya - kankskje det vert regn?? Men - sjølv om me nesten ikjke ser sola - so er det ikkje kaldt. Er vel godt over 30 grader - og ekstremt fuktig.
I dag er ungane på skulen att - og Ove på jobb. Eirik skal ha utviklingssamtale idag - so eg skal møta han etter skulen - dvs om ca. 10 min.
Denne veka skal Eirik og Gøril på overnattingstur i ørkenen ilag med resten av Qatalum Norwegian School. Feltsenger er innkjøpt, var òg godt igang med å kjøpa soveposar - men so var det kun 1 att - so då vert det ny shoppingtur.

Kamelriding


SeaLine er eit fint alternativ til AlBanush. SeaLine er eit hotelanlegg som ligg ved sjøen ca. 20 min. køyring ifrå Mesaieed. Der kan ein bada både i basseng og i sjøen. Men - som vanleg holdt sjøen 38-39 grader - so nokon forfriskande sukkert var det ikkje. Og - jentene fekk seg ein kort ridetur - på kamel (eller dromedar) .

Besøk i Souken



I haustferien hadde me besøk av Elisabeth, Kaja Marie og Gunn Maren - og då måtte me sjølvsagt ta dei med i den gamle Souken. Souken er eit område med boder/butikkar av ymse slag - og her kan det prutast !! Kjempekoseleg å rusla rundt.



AlBanush





Me er tilknytta ein klubb som heiter AlBanush - og her er me mykje. Har veldig god og billig mat her - flott trimrom, tennisbaner og sjølvsagt basseng. Og - inntil me får internettilgang heime - er det òg her me må sitta for å få kontakt med omverda.

fredag 10. oktober 2008

No har me budt i Mesaieed i snart 1 mnd

- og har då vore uten internett privat like lenge - derfor skjer det svært lite på bloggen vår. For å koma på nett brukar me AlBanush (klubben me er tilknytta) - men der er nettet svæææært tregt. Me er ellers mykje på AlBanush - her er det basseng, trimrom, tennisbaner og ein veldig god og rimeleg restaurant - ein fin møteplass for alle Qatalum-tilsette. Marte, Eirik og Ove har starta på tenniskurs - medan mor i huset er flittig på aerobic + trimrom.

Eirik og Gøril har no veldig kort veg til skulen - men tek buss pga trafikken og varmen. Marte brukar no over 1 time til skulen - ho og 2 til har privatsjåfør.

Det er framleis godt og heitt her - men no er det vorte sopass kaldt at det er kjempefint å sitta ute om kveldane - noko me gjer ofte. Er litt byggeplassaktig her me bur - uteområdet og 'hagen' er ikkje heilt ferdig enno - men det kem seg vel etterkvart.

søndag 7. september 2008

Sharq hotel





Marte og Gøril har ingen hast med å flytta ut av det dei kallar luksus liv på hotellet. Marte i lag med to andre har limosin med privatsjåfør som køyrer til American school of Doha om morgonen og hentar dei etter skuletid. Gørilog Eirik tek buss til og frå den norske skulen i Mesaieed.

Snart inflytting i Mesaieed??
















Etter 3 veker på hotell ser det ut til at me snart kan flytta inn i huset vårt i Mesaieed. Her tek Inger Marie ein ispeksjon av parkering og uteområde / og det ser bra ut. me har vore heldige og fått hus i ein ende - og får dermed enklare tilgang til 'hageområde.'

Skating på Corniche




Eirik og Håvard er veldig glade i å skata - og har funne fin skatingrampe i ein park ved Corniche i Doha.

torsdag 28. august 2008

ATV-køyring

Her ser me Eirik som prøver seg på ATV-køyring i ørkenen. KJEMPEMORO!!

onsdag 27. august 2008

Me har det bra!

Det nærmar seg 2 veker no - og me tilpassar oss både varme og kultur.
Leiligheitane me skal bu i i Mesaieed er ikkje ferdige - so me nyt livet på Sharq hotel i hovedstaden Doha.

Bil er på plass (Ove får laga eit innlegg om bilen - for den er han veldig fornøgd med!!) - so me kjem oss fint rundt omkring. Det er mykje trafikk her - og me må ut i bil uansett kvar me skal - iallefall her i Doha. I 1. veka var me flittige gjester på eit par av Dohas mange Malls (shoppingcenter). Er flotte shoppingcenter her - det flottaste er oppbygd som eit Venezia i miniatyr - med Gondolar, bruer ++ - og sjølvsagt skøytebane (det er visst 'in' her).

Ungane er snart ferdig med 1. skuleveka - og det går veldig greit.
Marte køyrer limosintaxi til og frå skulen medan Gøril og Eirik tek skulebuss.
Det var vel Marte som var mest spent - men ho seier det går greit - sjølv om det er både uvant og vanskeleg i oppstarten.

Me har òg hatt ei frihelg her nede - og den eine dagen brukte Ove og Eirik til å køyra 4-hjuling i ørkenen - og det ga nok meirsmak. Litt uvant det med at me har fri fredag og laurdag - men reknar med me kjem fort inn i den rutina.

Er veldig heitt her nede - er oppe i 45 grader i lufta på dagtid - er òg 40 grader i lufta på kvelden (og veldig høg luftfuktigheit) - i tillegg er det nesten 40 grader i sjøen. Men det går greit - det er kaldt inne - og alle er flinke til å drikka mykje vatn - og hotellet har eit fantastsk badeanlegg som me brukar mykje.

Inger Marie