søndag 29. mars 2009

So for bestemor til Norge att ..

Trur ho har hatt nokre fine veker her - og besøket har gjort godt for både store og små i familien - sjølv om det vart litt trist og tomt her når ho reiste.
Annalug og Martha fekk med seg litt av kvart av både kvardag og fest her i Qatar. Me hadde dei med på ørkentur, dei fekk med seg Qatalum Family Day (tilstelning for nesten 1000 stk - tilsette m/familiar) , masse shopping - både i eit par av Mallane og i eit par av dei mange Souqane, me var ute på the Pearl (http://www.thepearlqatar.com/) ++
Dei har sjølvsagt hatt masse fint vèr og dei har tilbrakt mange timar ved bassengkanten - men det har òg hatt litt vind og regn medan dei har vore her.
Men - dei vart litt frustrerte over ikkje å få gå laus med vaskebøtta - men dei skjønte at det ikkje var nødvendig når dei såg kor fint vaskemaiden vår vaska... Men - Annalug slapp ikkje heilt unna - måtte til pers med litt kjøtkakesteiking og bestemorvafler.

På Qatalum Family Day var det masse aktivitetar for hele familien - du kunne ri på kamel/hest, det var volleybalkamp (Marte var ned her - tapte for QNA-lærarane), tautrekking, stolleik. oppvisning av arabisk dans, trylling, stor middagsbuffèt og diverse konkurransar. Marte vann ein konkurranse der ein kunne tippa kor mange Rialar det var i ei krukke - og ho fekk då med seg innhaldet i krukka som var på over 800 Rialar (nesten 1500 Nkr) - ho var veldig fornøgd med det :)

Under er nokre bilete frå Qatalum Family Day og ørkentur

















tirsdag 17. mars 2009

Eirik 11år !!



I dag er Eirik 11år. Dagen er allerede feira med guttebursdag i klubbhuset vårt - alle gutane på mellomsteget på Qatalum Norwegian school + 1 som går på Mesaieed International school. Fyrst pizza - både heimelaga pizzasnurrar og pizza frå Pizza Hut. Deretter bading i bassenget slik at dei kunne få i seg litt kaker og snop etterpå før dei avslutta med bordtennis, Wii og Buzz.
Ca. 1 time før selskapet starta var Eirik litt uheldig - datt på sykkel og skrubba seg godt opp - men det var heldigvis ikkje verre enn at det gjekk greit å bada.

I dag får Eirik bestemor-vafler når han kjem heim frå skulen - so få me sjå vidare om det vert McDelivery eller AlBanush-pizza - før kvelden vert avslutta med tennis-trening.

Ellers so er varmen komen for fullt her no - rundt 30 grader på dagtid og god temperatur om kveldane. Besøket vår kosar seg - sjølv om Annlaug ofte må trekka inn i skuggen på dagtid. Men brunfargen kjem nok på plass likavel - so lenge dei er ute - og det er dei.

lørdag 14. mars 2009

Beauty-salongen

Ikkje so lang ifrå her me bur (gangavstand faktisk) er det ein beautysalong som vert ein del brukt av oss norske damer. Her kan du få manikyr, pedikyr, voksing, frisørtenester, sminking ++ Dette ville bestemor Annlaug og Marta sjølvsagt prøva. Me bestillte oss SPA-manikyr og pedikyr - då sit du i ein god massasjestol som masserer ryggen medan hender og føtter vert behandla - samtidig. Veldig behageleg - trur Annlaug heldt på å sovna opptil fleire gonger. Èg har òg prøvd frisøren der - ikkje so fornøgd med den tenesta - men greit nok.
Er òg litt artig å sjå dei vanlegvis godt tildekka araberdamene utan hovudplagget sitt - mange av dei er veldig flotte!!

torsdag 12. mars 2009

Besøk av bestemor

So kom endeleg bestemor Annlaug på besøk - ilag med Marta Fåberg. Eirik visste ikkje om at dei kom - so han fekk seg ein kjempeoverraskelse tysdags morgon - då sat nemmeleg bestemor i stova. Han vart sjølvsagt kjempeglad - og hadde hatt problem med å konsentrera seg på skulen den dagen. Turen deira hadde gått greit - var litt lang venting i pass/visumkontroll. Ove og Gøril henta dei på flyplassen - medan Inger Marie og Marte venta heime. Eirik sov.

Dei har til no kosa seg ved bassenget, besøkt klubben vår - Al Banush, vore på City Center i Doha - og bestemor måtte til pers allerede andre dagen med bestemorvaflene sine. Bildet under er frå City Center.


mandag 9. mars 2009

AC Milan

Forrige onsdag var AC Milan i Doha for å spela ein privatkamp mot Al Sadd. Ove og Gøril var sjølvsagt på plass. Det varvisstnok ikkje den heilt store kampen - endte til slutt 2-1 til FC Milan.
Beckham spelte 1 omgang - medan Ronaldinho kun var på bana i pausen.

Men - Brun fann seg sjølv avbilda i ei arabisk avis - sjå heilt til høgre på biletet ...

lørdag 7. mars 2009

Minimaraton - bilete




Eit par bilete frå start-området.




søndag 1. mars 2009

So har enno ei veka gått ..

- utan dei heilt store happeningane. Vart stillt i huset etter at besøket vårt drog - men når det er aktivitetar kvar kveld so går tida fort. Denne veka har det vore sykkeldag på den norske skulen og Friendshipfestival på den amerikanske skulen - eit arrangement på skikkeleg amrikansk vis - med masse boder ++ .

Me har ellers prøvd å få med oss mest muleg av både skiskyttar og ski-VM. Fann fyrst ein tysk kanal som hadde sendingar - men midt i veka viste den plutseleg ikkje noko meir - so då måtte me til å leita blandt dei 1000 kanalane me har installert - og far i huset jubla då me fann ein italiensk kanal som me no ser resten av ski-VM på.

Og so vart det plutseleg kjempeheitt her nokre dagar - i går var det nesten oppe i 35 grader - akkurat den dagen eg var med i eit minimaratonløp for jenter - visstnok det fyrste av sitt slag her i Qatar. Litt av ein opplevelse - me (me var 13 (trur eg) frå Qatalum) var skikkeleg kledd med knebuksa og T-skjorte - medan mange av arabardamene stillte i dongeribuksa under abajaen. Var kun 4.2 km - men det var meir enn nok når gradestokken viste over 32 grader. Var visst over 1000 stk som deltok.

I dag er det meldt litt regn - har vore litt overskya men det har ikkje regna - so me får sjå kva det vert til.

ATV-køyring med Eli & co

Gløymde vist å nemna ATV-køyring i forrige innlegg. Medan me hadde besøk so var me på ATV-køyring. Trur dei vaksne tykte det var vel som moro som dei yngste - sjølv om det var litt rolegare køyring på oss enn det me såg ute i ørkenen fredagen. Legg ved eit par bilete frå ATV-køyringa + 1 bilete frå souqen og eit frå ørkenen.