lørdag 21. februar 2009

Besøk av Eli & co - kap 2








Denne veka har me also hatt besøk av Eli, Egil Rune, Oda og Edvard. Har vore ganske heldig med vèret - var litt småskya nokre dagar - men stort sett var det fint. Dei fekk med seg både kamelriding ved Seeline, Villagio, City Center, 2 Souq-besøk og vekas høgdepunkt - iallfall for Evard og Oda - ørkentur til med mykje sanddynekøyring. Bileta viser Edvard i ørkenen og Eli og Oda i Souqen - vart mykje skjerfhandling på desse 2 damene. Og innimellom vart det òg tid til soling og bading - både i Compounden og på Al Banush.

søndag 15. februar 2009

Besøk av Eli & co




Har no besøk av fam. Beheim Skjolden. I går vart det soling ved bassenget i compounden - men på ettermiddagen tok me oss ein liten tur ut til Seeline. Der fekk Oda og Edvard ri på kamel.

torsdag 12. februar 2009

Sandstorm

Andre dagen med sandstorm - og det er KJEDELEG!! Småkaldt og lite sol. Og dårleg sikt for dei som er ute i bil. Er meldt slik i morgon òg - men so skal det bli bedre. Håpar verkeleg det - for fredag kveld får me besøk av Eli m/fam. Dei skal vera ei veka - og då bør det vera mest muleg fint vèr.

I kveld skal me på Grease-forestilling på American School - er ei amatørteatergruppe i Doha som har sett opp musicalen - og leiger teateret på skulen.

onsdag 11. februar 2009

Ny (brukt-) bil



So har eg endeleg fått meg bil - noko som gjer kvardagen mykje enklare.
Var litt skeptisk til ein sopassa liten bil etter å ha køyrt Prado i eit halv år - men det går heilt greit - iallefal mellom her og Mesaieed. So får me sjå om eg tykkjer det går lika greit i Doha-trafikken...

tirsdag 10. februar 2009

Skodda

I dag vakna me opp til tett skodda - noko som ikkje er heilt uvanleg på grunn av høg luftfuktigheit. Når det er skodda her so er vegen mellom Wakra og Mesaieed (der Eirik og Gøril går på skule) steng for tungtransport - noko som resulterer i ei kjempelang kolonne av lastebilar i høgre køyrefelt når skodda lettar - og det er då berre å køyra forbi ein fleire kilometerlang kø av lastebilar i sneglefart. Er litt skummelt...
MEN - idag var skodda sopass tett at skulebussen måtte venta - noko ungane tykte var heilt greit. Eirik nytta anledningen til å sjå på film ilag med ein del andre gutar - og Gøril sov litt ekstra - og begge kom ein time for seint til skulen.
Men no skin sola att....

lørdag 7. februar 2009

Tour of Qatar









Denne veka har det vore sykkeritt her i Qatar - Tour of Qatar - kun 1 nordmann med - men me måtte no få med oss siste etappen likavel.
Siste etappen gjekk frå Seeline - via Mesaieed (der me budde før), Al Wakra (der me bur no) og avslutta med 7 rundar på Corniche i Doha. Me fann oss ei rundkøyring på Corniche - og der traff me fyrst fam. Sørhage og etterpå danna me heiagjeng ilag med fam. Linnerud. Var ikkje so altfor stort publikum - so eit par av politifolka som hadde vakt spanderte både kaffi, sjokolade og vatn på oss nordmenn - i tillegg til at Eirik fekk prøva politimotorsykkelen. Artig.

onsdag 4. februar 2009

Dubai, sand ++

Har hatt vår fyrste helgatur sidan me kom til Qatar - og då hadde me oss ei utvida helg i Dubai. Hadde bestemt oss for å ta det med ro - so det vart mykje shopping og litt avslapping på hotellet. Det var shoppingfestival der - dvs. masse på tilbod. Marte, Eirik og Ove prøvde slalombakken som er i ein av dei mange 'Mallane' som er i Dubai - det var visst veldig kjekt - men det var nok med 2 timar. Dubai er ellers mykje likt Doha - men litt meir vestleg. Las i ein DubaiGuide at i 1967 var det kun 13 bilar der - heilt utruleg å tenka på når ein ser den trafikken og vegnettet som er der no.

Det har vore ein del vind i det siste - noko som resulterer i sand 'overalt' - ligg små dongar på golvet - særleg rett innanfor dørane. Temperaturen er no ca. 25 grader på dagtid og over 20 grader på kvelden - men me må ha på langarma på kvelden likavel - tyder vel på at me no er vorte vant til varmen her nede.