søndag 25. januar 2009

Eksamen ferdig

So vart Marte endeleg ferdig med 1. semester - og ei knallhard veka med 5 eksamenar på 3 dagar før veka vart avslutta med eit ball. Ho har allerede fått eksamensresultatet - og det gjekk kjempebra.

Fredag regna det her - og då vert det fort kaotiske tilstandar rundt omkring. Mykje vatn i gatene - so det er best å ikkje reisa på dei heilt store utfluktene . Me heldt oss derfor heime - slappa av på sofaen og såg ein haug med Friends-episodar. Fredagar er òg dagen me har husvask - då har me ei maid som brukar ein del av fridagen sin på å vaska hjå oss. Heilt topp!!

I morgon skal mellomsteget og ungdomssteget på den norske skulen inn til City Center i Doha på kosetur - bowling og lunch. Torsdag reiser heile familien til Dubai.

mandag 19. januar 2009

Kvardag - og litt fest




Etter 2 veker med å farta rundt på ulike møbelbutikkar ++ har me no fått handla inn det meste av det me treng. Manglar enno litt - men ingenting som hastar. Me fann iallefall ut at me var komen sopass i orden at me kunne ordna til ein liten fest - og laurdag fekk me samla ein del (14) av dei 'Årdølene' som har vore her i Qatar no i haust + eit par nye (våre nye naboar - Odd og Jorunn Lerøy) samt nokre ungar.
Resten av helga blei brukt til avslapping ute i 'hagen' og ved bassenget. Jentene var på City Center (shopping og film) medan Eirik brukte mykje av helga på sitt nyinnkjøpte WII-spel (Guitar Hero World Tour - med gitar, mic og trommer)

Ellers so er det no vorte skikkeleg kvardag att. Ungane er godt i gang med skulearbeid. Marte har nokre eksamenar denne veka - 1. semester på Amercian School er ferdig på torsdag - og nytt semester er då igang på søndag.

Eg har no brukt søndagane til å jobba intensivt ute på Site. Dagane ellers har det vorte veldig sosialt her i Compunden - men litt jobbing innimellom vert det no.

torsdag 8. januar 2009

So var det helg att

- og 1. veka etter juleferien er allerede unnagjort. Ungane har vore veldig trøtte om morgonen - ikkje merkeleg etter ein so lang juleferie. Veka har gått med til å bu seg inn i nytt hus - men no er mykje på plass - og det meste fungerer. Leitte ei stund etter eine sikringsskåpet - fann det til slutt - bak eit bilete.

Me trivest godt - og vèret er fint. Godt og heitt på dagen - har vore 21 grader dei siste dagane - veldig fint ved bassengkanten. (Ja - no har me basseng i compounden) Om kvelden må me ha på jakke dersom me skal vera ute. Ellers er det veldig kjekt å ha matbutikk som nærmaste nabo - godt å sleppa å ta bil til alt me skal handla.

Me har ellers investert i bordtennisbord - og foreløbig er det Gøril som vinn dei fleste kampane - og eg tapar. Eirik har fått WIIen sin til å fungera for europeiske spel - og han er veldig fornøgd med det.

Men - no er det helg - og avslapping!! Skal bli godt det.

søndag 4. januar 2009

Flytting til Sunrise Residence 1

So var det tid for flytting. Flyttefolka kom faktisk til rett tid (!!) - og brukte nokre timar på å pakka og bæra ut.

So var det til med utpakking - og starta på nytt att med å inretta seg i eit nytt hus. Dette huset er ein del større enn det me hadde i Mesaieed - er 4 store soverom som alle har kvart sitt bad - i tilleg er det ei lita loftstove og eit 'Maid room' -men sidan me ikkje har maid - so vert dette mest truleg brukt til ein del oppbevaring. Men det ser veldig bra ut - so satsar me på at me får internett om ikkje so altfor lenge (no når me flyttar so får dei dette i Mesaieed !!). Her har me òg plas til å installera eit lite kontor - so det igår vart det òg tid til litt shopping av skrivebord med stol + bokhylle til Marte. Må nok på meir shopping i kveld ser det ut som - er ein del som manglar enno.

I dag var det òg skulestart for ungane - var nok litt hardt å stå opp - men det gjekk bra med alle 3. So me igang att med fotballtrening, tennistrening ++ - slik som før me tok juleferie.

Jul /nyttårsfeiring i Norge - og so Qatar att

Har no vore heime i Norge i over 3 veker - me var alle glade for at me valte å ta juleferien i Norge. Marte var med i American School of Doha sin oppsetnign av West Side Story - og eg, Gøril og Eirik var på premieren. Veldig bra - var fleire norske der og såg på - for i tillegg til Marte so var òg ein av lærarane på den norske skulen med i orkesteret.

Siste dag på skulen arrangerte den norkse skulen juleverkstad - var kjekt med litt julestemning. Ungane baka pepparkaker, støypte lys og lagde juletrekorger. Det vart servert graut, saft, kaffi og kaker. Veldig koseleg.
Avreisen til Norge starta ikkje bra. Me hadde bestilt taxi - men den kom ikkje - so eg måtte til slutt (etter å ha venta ei stund) ta bilen - og fann då ut at det ikkje berre er dyrt - men veldig dyrt å parkera på flyplassen!! Men - me fekk heldigvis overlevert nøkkelen til ein som skulle nedover til qatar veka etter - so det vart ikkje so gale.

Resten av ferien gjekk som planlagt - mykje avslapping framfor TVen (var veldig kjekt med Norsk TV!!), roleg julefeiring ilag med slekt og venner og til slutt nyttåarfeiring hjå Eldar og Torill på Bærums Verk. Litt småsjuke var me vel omtrent alle - men det gjekk heldigvis fort over. Ungane var òg ein del på besøk i gamleklassane sine - kjekt å treffa att gamle klassekameratar. Inger Marie var òg mykje på jobb - medan Ove slappa meir av - og fekk sjølvsagt tid til nokre treningsturar på ski.

Tida i Norge gjekk veldig fort - og snart vart det tid for Qatar att. Turen tilbake gjekk fint - men vel framme var me ein kuffert i minus - men det dukka heldigvis opp dagen etter..

1. dagen i Qatar besto av soving til langt på dag, trening, middag på AlBanush og so pakking - for dagen etter skulle me flytta tal Al Wakrah.