torsdag 30. april 2009

Litt av kvart

Dumt eg ikkje hadde eit før-bilete - men slik ser det ut når vaskehjelpen vår har rydda i skohylla!! Marte vart heilt forvirra - og lurte på kvar ho skulle plassera skodn sine... Har fått oss ny vaskehjelp - den gamle slutta berre å koma - so då var det berre å finna seg ein ny.


Veka har gått fort - og bra er det. Har vore på foreldremøte for å diskutera skuletur for ungdomssteget på Qatalum Norwegian school - og dersom alt går etter plan vert det 5 dagar i Nepal for Gøril - det er nokon som har det... Avreise 3. juni.

I går var me til skreddar for fyrste gong her i Qatar. Gøril har formingsoppgåve som går ut på å tegna og få sydd seg ei drakt/kjole - og i går fekk me ordna med både stoff og skreddar. Vert spennande å sjå korleis det vert - alt var 'No problem' - veit ikkje om det er lovande - eller???
Ove bestillte seg òg ei skjorte - har tenkt å ha fleire - men prøver med ei fyrst. Får seg då skreddarsydd skjorte til litt over 100 kr.
Og - det vert ikkje akkurat kaldare her - over 40 grader midt på dagen no. Har investert i vifta ute ' 'teltet' - det trengst !!

søndag 26. april 2009

Dagane går

veldig fort ... nesten 2 veker sidan forrige innlegg no.
Lufta datt litt ut av oss etter den besøksperioden me hadde - klarte liksom ikkje å planlegga noko - so det er vorte ein god del avslapping med gode bøker - veldig OK det òg.

Vekedagane er stort sett oppbooka med trening. Gøril er no ferdig med fotballtreninga i Doha - og har no starta på fotballtrening i Mesaieed 2 gonger i veka - med 2 norske trenarar - Fredleif i frå Sogndal/Vik og Bjørn Inge ifrå Raufoss. Veldig bra - og godt å sleppa fartinga inn til Doha.

Ove har lenge slete med ein legg - og som vanleg er panikken stor. Eg prøvde å sei at det var berre å halda seg i ro nokre veker - men nei - alt anna måtte prøvast - diverse legar, fysioterapautar, ultralydbehandlingar, nye sko(både joggesko og fotballsko), sålar, alternativ trening ++ - før han til slutt fann ut at det kanskje var best å halda seg unna jogging/fotball likavel - og kun trena spinning og symjing. Trur han byrjar å bli bra no - har iallefall jogga litt.


Ellers er heten komen for fullt - nærmar seg no fort 40 grader midt på dagen - men det går enno fint å ligga ved basseengkanten / strandkanten. Og - kjempefint å sitta ute om kveldane.

Denne helga har det vore (Power)båtrace i Doha - var ein norsk båt med - men det gjekk visst ikkje so bra med den. Me var ikkje og såg på - prioriterte ørkentur og basseng/vaffelparty istadenfor Corniche og båtrace.

Det var ellers full jubel i heimen igår då United snudde 0-2 til 5-2 - seier vart feira med brus, potetgull og Freia fruktnøtt!!

mandag 13. april 2009

Torevèr

Ja - det kan regna her og - når det fyrst regnar so kjem det ofte nokon relativt korte - men veldig kraftige regnbyger. Då er det til å sjekka at huset er tett - noko det som regel ikkje er...
I går lyna og tordna det mesteparten av ettermiddagen. 1. regnkave kom om ettermiddagen - og eg benytta då sjansen på å få kosta vekk all sanden på uteområdet vårt. Såg veldig fint ut etterpå.
Seinare på kvelden kom det fleire kavar - og idag tidleg fann eg ut at regnet hadde skylt med seg ned all sanden + ein del skrot frå taket og ned på uteområdet - so no ser det mykje verre ut enn før eg kostar. So då er det til att med kost og hageslange... MEN - idag skin sola !!

søndag 12. april 2009

Påskebesøk











I påsken har me hatt besøk av Anne, Kai og Vilde - kjempetriveleg!!

Dei kom natt til 'palmelaurdag' - nedlassa med brunost, kvitost, aviser, påskegodt, bøker og blad, ++ - og vart ynskt velkommen med kanelbollar og champis.

So vart det full fart (eller - eigentleg ikkje - har vore masse avslapping) - masse soling og bading ved bassenget i compunden og Al Banush. ATV-køyring, ørkenovernatting, The Pearl, trening, fleire Souqbesøk, masse shopping + at me vaksne hadde oss ein fantastisk champagenlunch i lag med den vaksne delen av fam. Brusethaug m/sitt påskebesøk.

Marte, Gøril og Vilde kosa seg òg godt ilag - kjekt at jentene klarar å halda kontakten - sjølv om dei ikkje treffest so ofte.

Ørkenovernatting













So var det tid for ørkenovernatting. Me tok den litt lettvindte varianten - ein organisert tur der alt vart lagt tilrette for oss. Var berre å møta opp - og betala.
I vårt fygje var det totalt 6 familiar - 3 frå Sunrise Residence - som alle hadde kvar sin familie på besøk - totalt 23 personar med smått og stort.

Me vart fordelt i 5 bilar - avhengig av kor tøft ein ville køyra. I stopp var Seeline - der dei tappa ut luft og samtidig kunne dei som ville nytta høva til å ri på kamel og å bli avfotografert medan dei holdt ein falk.

So var det ørkenkøyring - dei som hadde valgt den litt tøffare varianten fekk kost seg med skikkeleg dyrekøyring - masse skråkøyring, bratt nedover - og ein bil rygga tilogmed ned ei dyne...

Vel framme til campen vart det volleyball, 'snowboard' -køyring, bordtennis, bading, ++ - før det var grillmat utpå kvelden. Fekk med oss både solnedgang, måneskinn og ein flott soloppgang før me var tilbake til compounden ca. 0930 om morgonen.

fredag 3. april 2009

Konfirmasjons'søndag'


Sidan 'søndagen' her er på fredag var det i dag fredag 3.april 12 norske og 2 danske som vart konfirmert i Qatar. Sjølv har me ingen konfirmant - men alle norske var likavel invitert til å vera med på sjølve konfirmasjonsgudstenesta med påfylgjande kaffi/kaker.
Sjølve konfirmasjon skulle eigentleg ha vore ute i ørkenen - men då fredagen nærma seg med stadig dårlegare vèrmeldingar so vart arrangementet flytta til uteområdet ved Qatalum Norwegian School. Litt synd - for det hadde vore ein veldig spesiell oppleving med konfirmasjon ute i ørkenen...

Men ramma rundt konfirmasjon var fin den - masse folk og flotte konfirmantar - og sjømannsprest frå Dubai. Litt spesiellt at me høyrde bønneropa frå dei næraste moskèane midt under gudstenesta - mange som drog på smilebåndet då.

Ungane har no påskeferie - godt for dei det - særleg Marte har det veldig travelt på skulen. Her startar skulen att 1.påskedag fro Gøril og Eirik - medan Marte har 1 dag ekstra fri og startar 2. påskedag. Men so tjuvstartar dei med 1 dag òg då...
God Påske til alle!!