fredag 3. april 2009

Konfirmasjons'søndag'


Sidan 'søndagen' her er på fredag var det i dag fredag 3.april 12 norske og 2 danske som vart konfirmert i Qatar. Sjølv har me ingen konfirmant - men alle norske var likavel invitert til å vera med på sjølve konfirmasjonsgudstenesta med påfylgjande kaffi/kaker.
Sjølve konfirmasjon skulle eigentleg ha vore ute i ørkenen - men då fredagen nærma seg med stadig dårlegare vèrmeldingar so vart arrangementet flytta til uteområdet ved Qatalum Norwegian School. Litt synd - for det hadde vore ein veldig spesiell oppleving med konfirmasjon ute i ørkenen...

Men ramma rundt konfirmasjon var fin den - masse folk og flotte konfirmantar - og sjømannsprest frå Dubai. Litt spesiellt at me høyrde bønneropa frå dei næraste moskèane midt under gudstenesta - mange som drog på smilebåndet då.

Ungane har no påskeferie - godt for dei det - særleg Marte har det veldig travelt på skulen. Her startar skulen att 1.påskedag fro Gøril og Eirik - medan Marte har 1 dag ekstra fri og startar 2. påskedag. Men so tjuvstartar dei med 1 dag òg då...
God Påske til alle!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar