søndag 29. mars 2009

So for bestemor til Norge att ..

Trur ho har hatt nokre fine veker her - og besøket har gjort godt for både store og små i familien - sjølv om det vart litt trist og tomt her når ho reiste.
Annalug og Martha fekk med seg litt av kvart av både kvardag og fest her i Qatar. Me hadde dei med på ørkentur, dei fekk med seg Qatalum Family Day (tilstelning for nesten 1000 stk - tilsette m/familiar) , masse shopping - både i eit par av Mallane og i eit par av dei mange Souqane, me var ute på the Pearl (http://www.thepearlqatar.com/) ++
Dei har sjølvsagt hatt masse fint vèr og dei har tilbrakt mange timar ved bassengkanten - men det har òg hatt litt vind og regn medan dei har vore her.
Men - dei vart litt frustrerte over ikkje å få gå laus med vaskebøtta - men dei skjønte at det ikkje var nødvendig når dei såg kor fint vaskemaiden vår vaska... Men - Annalug slapp ikkje heilt unna - måtte til pers med litt kjøtkakesteiking og bestemorvafler.

På Qatalum Family Day var det masse aktivitetar for hele familien - du kunne ri på kamel/hest, det var volleybalkamp (Marte var ned her - tapte for QNA-lærarane), tautrekking, stolleik. oppvisning av arabisk dans, trylling, stor middagsbuffèt og diverse konkurransar. Marte vann ein konkurranse der ein kunne tippa kor mange Rialar det var i ei krukke - og ho fekk då med seg innhaldet i krukka som var på over 800 Rialar (nesten 1500 Nkr) - ho var veldig fornøgd med det :)

Under er nokre bilete frå Qatalum Family Day og ørkentur

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar