søndag 1. mars 2009

So har enno ei veka gått ..

- utan dei heilt store happeningane. Vart stillt i huset etter at besøket vårt drog - men når det er aktivitetar kvar kveld so går tida fort. Denne veka har det vore sykkeldag på den norske skulen og Friendshipfestival på den amerikanske skulen - eit arrangement på skikkeleg amrikansk vis - med masse boder ++ .

Me har ellers prøvd å få med oss mest muleg av både skiskyttar og ski-VM. Fann fyrst ein tysk kanal som hadde sendingar - men midt i veka viste den plutseleg ikkje noko meir - so då måtte me til å leita blandt dei 1000 kanalane me har installert - og far i huset jubla då me fann ein italiensk kanal som me no ser resten av ski-VM på.

Og so vart det plutseleg kjempeheitt her nokre dagar - i går var det nesten oppe i 35 grader - akkurat den dagen eg var med i eit minimaratonløp for jenter - visstnok det fyrste av sitt slag her i Qatar. Litt av ein opplevelse - me (me var 13 (trur eg) frå Qatalum) var skikkeleg kledd med knebuksa og T-skjorte - medan mange av arabardamene stillte i dongeribuksa under abajaen. Var kun 4.2 km - men det var meir enn nok når gradestokken viste over 32 grader. Var visst over 1000 stk som deltok.

I dag er det meldt litt regn - har vore litt overskya men det har ikkje regna - so me får sjå kva det vert til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar