lørdag 14. mars 2009

Beauty-salongen

Ikkje so lang ifrå her me bur (gangavstand faktisk) er det ein beautysalong som vert ein del brukt av oss norske damer. Her kan du få manikyr, pedikyr, voksing, frisørtenester, sminking ++ Dette ville bestemor Annlaug og Marta sjølvsagt prøva. Me bestillte oss SPA-manikyr og pedikyr - då sit du i ein god massasjestol som masserer ryggen medan hender og føtter vert behandla - samtidig. Veldig behageleg - trur Annlaug heldt på å sovna opptil fleire gonger. Èg har òg prøvd frisøren der - ikkje so fornøgd med den tenesta - men greit nok.
Er òg litt artig å sjå dei vanlegvis godt tildekka araberdamene utan hovudplagget sitt - mange av dei er veldig flotte!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar