torsdag 12. mars 2009

Besøk av bestemor

So kom endeleg bestemor Annlaug på besøk - ilag med Marta Fåberg. Eirik visste ikkje om at dei kom - so han fekk seg ein kjempeoverraskelse tysdags morgon - då sat nemmeleg bestemor i stova. Han vart sjølvsagt kjempeglad - og hadde hatt problem med å konsentrera seg på skulen den dagen. Turen deira hadde gått greit - var litt lang venting i pass/visumkontroll. Ove og Gøril henta dei på flyplassen - medan Inger Marie og Marte venta heime. Eirik sov.

Dei har til no kosa seg ved bassenget, besøkt klubben vår - Al Banush, vore på City Center i Doha - og bestemor måtte til pers allerede andre dagen med bestemorvaflene sine. Bildet under er frå City Center.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar