tirsdag 17. mars 2009

Eirik 11år !!



I dag er Eirik 11år. Dagen er allerede feira med guttebursdag i klubbhuset vårt - alle gutane på mellomsteget på Qatalum Norwegian school + 1 som går på Mesaieed International school. Fyrst pizza - både heimelaga pizzasnurrar og pizza frå Pizza Hut. Deretter bading i bassenget slik at dei kunne få i seg litt kaker og snop etterpå før dei avslutta med bordtennis, Wii og Buzz.
Ca. 1 time før selskapet starta var Eirik litt uheldig - datt på sykkel og skrubba seg godt opp - men det var heldigvis ikkje verre enn at det gjekk greit å bada.

I dag får Eirik bestemor-vafler når han kjem heim frå skulen - so få me sjå vidare om det vert McDelivery eller AlBanush-pizza - før kvelden vert avslutta med tennis-trening.

Ellers so er varmen komen for fullt her no - rundt 30 grader på dagtid og god temperatur om kveldane. Besøket vår kosar seg - sjølv om Annlaug ofte må trekka inn i skuggen på dagtid. Men brunfargen kjem nok på plass likavel - so lenge dei er ute - og det er dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar