søndag 12. april 2009

Ørkenovernatting













So var det tid for ørkenovernatting. Me tok den litt lettvindte varianten - ein organisert tur der alt vart lagt tilrette for oss. Var berre å møta opp - og betala.
I vårt fygje var det totalt 6 familiar - 3 frå Sunrise Residence - som alle hadde kvar sin familie på besøk - totalt 23 personar med smått og stort.

Me vart fordelt i 5 bilar - avhengig av kor tøft ein ville køyra. I stopp var Seeline - der dei tappa ut luft og samtidig kunne dei som ville nytta høva til å ri på kamel og å bli avfotografert medan dei holdt ein falk.

So var det ørkenkøyring - dei som hadde valgt den litt tøffare varianten fekk kost seg med skikkeleg dyrekøyring - masse skråkøyring, bratt nedover - og ein bil rygga tilogmed ned ei dyne...

Vel framme til campen vart det volleyball, 'snowboard' -køyring, bordtennis, bading, ++ - før det var grillmat utpå kvelden. Fekk med oss både solnedgang, måneskinn og ein flott soloppgang før me var tilbake til compounden ca. 0930 om morgonen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar