søndag 26. april 2009

Dagane går

veldig fort ... nesten 2 veker sidan forrige innlegg no.
Lufta datt litt ut av oss etter den besøksperioden me hadde - klarte liksom ikkje å planlegga noko - so det er vorte ein god del avslapping med gode bøker - veldig OK det òg.

Vekedagane er stort sett oppbooka med trening. Gøril er no ferdig med fotballtreninga i Doha - og har no starta på fotballtrening i Mesaieed 2 gonger i veka - med 2 norske trenarar - Fredleif i frå Sogndal/Vik og Bjørn Inge ifrå Raufoss. Veldig bra - og godt å sleppa fartinga inn til Doha.

Ove har lenge slete med ein legg - og som vanleg er panikken stor. Eg prøvde å sei at det var berre å halda seg i ro nokre veker - men nei - alt anna måtte prøvast - diverse legar, fysioterapautar, ultralydbehandlingar, nye sko(både joggesko og fotballsko), sålar, alternativ trening ++ - før han til slutt fann ut at det kanskje var best å halda seg unna jogging/fotball likavel - og kun trena spinning og symjing. Trur han byrjar å bli bra no - har iallefall jogga litt.


Ellers er heten komen for fullt - nærmar seg no fort 40 grader midt på dagen - men det går enno fint å ligga ved basseengkanten / strandkanten. Og - kjempefint å sitta ute om kveldane.

Denne helga har det vore (Power)båtrace i Doha - var ein norsk båt med - men det gjekk visst ikkje so bra med den. Me var ikkje og såg på - prioriterte ørkentur og basseng/vaffelparty istadenfor Corniche og båtrace.

Det var ellers full jubel i heimen igår då United snudde 0-2 til 5-2 - seier vart feira med brus, potetgull og Freia fruktnøtt!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar