tirsdag 5. mai 2009

Kva skjer ???

I går skjedde det eit eller anne oppe ved stadion - rett attmed compounden her - men kva?? Ikkje lett å finna ut av det. Vegar var sperra av - trafikkpoliti og vanleg politi - mange av dei bevæpna - i alle kryss/rundkøyringar. Masse ambulansar, politibilar og andre utrykningskøyretøy sto 'klar' ved ein rundkøyring rett ved sidan av her. Eit par helikopter svirra over her - sto opptil fleire gonger heilt i ro i fleire minuttar rett over compounden - og det hadde visst vore politi inne i compounden òg. Spurte fleire - men ingen visste kva som hadde skjedd.

Eg og Marte skulle til ein skreddar på andre sida av rundkøyringen. Sidan det var so masse sperringar bestemte me oss for å gå - sjølv om det var veldig heitt - men me vart stoppa av bevæpna politi - so då var det berre å snu.

Har i dag sjekka fleire websider - men finn ingenting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar