lørdag 9. mai 2009

Qatar Super Grand Prix



Artig med friidrettstemne i Qatar. Gratis inngang - dei som vil kan kjøpa inngangsbilett og vera med på trekning av bl.a. dei 3 kvite bilane som står oppstillt på biletet + mange andre flotte preimar. Eg, Ove og Eirik var òg på plass - med kvart vårt norske flagg. Visst ikkje heilt kvar me skulle plassera oss - men ein arabar ga oss beskjed om at 'your family is over there' - og det stemte for såvidt - der han peikte var ein god del nordmenn - flott plassert i forhold til spydkastinga.
So - kvar gong Thorkildsen var på bana so var det full jubel - so me vil no ha litt del i seieren. Thorkildsen vann med eit kast på 83.39 - noko han i fulgje norske nettavisen ikkje var heilt fornøgd med. Men - han kan no alltids skulda på varmen - det gjer me andre her nede når det er eit eller anna som ikjke går heilt vår veg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar