mandag 25. mai 2009

17. mai ++

17.maivèret har ein litt anna betydning her i Qatar - me lurte lenge på om det vart for heitt å gå i bunad - men sidan bunaden var vorte med nedover so bestemte me oss for å ha den på i 1. del av feiringa.
Var faktisk heldige med vèret - var nok ein 3-5 gader kaldare enn dagane i forkant - og godt var det - for det var heitt nok.
Dagen starta med flaggheising på skuleplassen, sang og tale av rektor. So var det tog - korpset vart drege av ein trailer - hadde nok vore for heitt for dei ellers. Etter toget var det samling på klubben der skulen hadde laga til eit flott program der alle elevane deltok. Eirik deltok med gitarspeling - i tillegg til sang i lag med klassen.
Om ettermiddagen var det 17.mai-buffè på klubben - med tale for dagen - leikar for ungane - god mat og lotteri. Ein kjempetriveleg kveld.

Me har ellers vore på ASD award-night (veldig amerikansk kveld) og sett på Marte fekk award for "outstanding academic improvement" i "Sports for life (gym)" - ikkje verst!! Og - begge dei 2 andre norske som byrja i lag med Marte på ASD i haust fekk òg kvar sin award.

Gøril har ellers vore ein del oppteken med litt dugnadsarbeeid i det siste - skal samla inn litt peng til skuleturen som går til Nepal. Har laga 17.mai-sløyfer og arrangert film-kveld. Og det store for ho denne helga var AKON-konsert på Intercontinental Beach - hadde visst vore veldig kjekt.



Under nokre bilete frå 17.mai-feiringa. Marte, korpset, toget (Eirik) og song av mellomtrinnet og ungdomstrinnet (Erik (fremst) og Gøril (bakerst)).






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar