søndag 31. mai 2009

End of Season - Latinoparty

Mange flotte Lationos på end og season-partyet som vart halde ved bassengkanten på AlBanush på torsdag. Folk hadde verkeleg vore flinke med kostyme - og skreddaren i Mesaieed må ha hatt veldig gode dagar i forb. med partyet. Masse skreddarsydde silkeskjorter i flotte fargar, flotte kjolar. Og - eg beundrar alle som heldt ut med parykk heile kvelden ...

Beste mannelge kostyme gjekk til ein aordøl - Arne Gildset - sjå bilete under.

Bassengområdet var flott pynta - meksikansk mat - tequila, margerita, pinacolada - salsaoppvisning, limbokonkurranse ++ Og masse dans - var artig å få dansa litt att. Kom som vanleg heimatt med blåflekkete armar.

Og - det var ikkje lenge etter maten før fyrstemann hoppa uti bassenget - og han vart etterfult av mange - bl.a. unge Brun. Var mange som hoppa uti bassenget med (påtegna) bart og kom oppatt frutta... - men då var mesteparten av bileta tekne - og det var ikkje so nøye med denna barten.

Bileta under er Arne og Cecilie, Ove og Terje etter bassengbadet, Ove med kollegaer, og Gro og Kjellbjørn.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar