søndag 7. juni 2009

Nedtelleing

Idag er det 6 dagar til me reiser til Årdal - og alle gledar seg veldig. Litt spesielt for Marte som ikkje skal tilbake for å bu - vert nok ein del litt triste avskjedar - men men.

Onsdag vart Marte 18 år - det var meininga ho skulle ut å eta med den den norske vennegjengen - meng pga litt sjukdom ++ so vart ikkje det noko av - so det vart hastebestilling på Pizza Hut istadenfor - for eg hadde berre laga tomatsuppe til middag. Men browniesen var klar - so jenta var fornøgd ho. Sjølve feiringa skal ho ha i Årdal når ho kjem heim - + at me fieira ho ilag med fam. Brusethaug på fredag - champagnelunch på Intercontinental - med sjokoladefondue (var nok det Marte gleda seg mest til).

Gøril er no ferdig med grunnskulen - kun 2 'kosedagar' att. Kjem idag att frå skuletur til Nepal - heile ungdomstrinnet har vore avgårde. Har so vidt vore i kontakt med ho - og dei hadde det veldig kjekt.

Eirik har gått over til ein del inne-tid no - er for heitt å vera ute lenge av gangen - men litt skating ++ vert det no - og litt basseng.

Og - so har me fått installert 'breiband' og telefon. Ikkje den heilt store hastigheiten - men stabilt nok til Skype og IP-telefon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar