lørdag 20. juni 2009

Norge

So var me heimatt i Norge - har nesten vore ei veka her no - kjempegodt. Veldig godt å sleppa tredemølla ... - har vorte nokre Skarpenor-turar ++
Dei siste dagane me var i Qatar var det veldig heitt - skulle liksom vedlikehalda brunfagen litt - men det var so vidt me orka å vera ute i soli. Vart ein del shopping istadenfor - det var ein del me måtte handla før me for til Norge.
Siste skuledag før sommarferien var torsdag 11.juni - og det byrja fort å bli 'tomt' i compounden - var mange som reiste allerede natt til fredag. Mange avskjedar - men dei fleste møter me att til hausten.
Me prøvde ti det siste å sitta ute og nyta kveldane - sit då i døråpninga for å få ut litt kulde - fungerer berre sånn passe - so siste kvelden tok me likagodt med oss både besøk, champis og vin til bassenget - veldig kjekt.
Natt til søndag sette me oss på flyet - British Airways via London. Veldig grei rute - med unnatak av at skateboardet til Eirik plutseleg var ein security-risk - og måtte sendast som bagasje istadenfor å vera handbagasje. Me hadde då vore igjennom den vanlege sikkerheitskontrollen - og alt gjekk greit der. Men - alt gjekk greit - skateboardet kom heilt fram til Gardemoen.
Får ynskja alle som les dette ein god sommar - skjer nok ikkje so mykje på denne sida før til hausten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar