fredag 12. juni 2009

Sommarferie !!


Avgangselevane ved Qatalum Norwegian School - Tormod, Jørgen, Gøril, Martinus og Edvard


Gøril er no ferdig med grunnskulen - og tysdag arrangerte 10.klasseforeldra avlutningsmiddag for elevar, foreldre og lærarar - med god mat for både store og 'små' - veldig koseleg.
Torsdag var det skuleavslutning på QNS- og her vart det mange avskjedar - og masse tårer... Som rektor sa - når du reiser ned hit til Qatar tek du avskjed med vennene der - so får du nye venner her - og må igjen ta avskjed med dei når du reiser tilbake til Norge.
Men det var ei veldig fin avslutning.

Marte har hatt ei veldig hetisk veka - med 5 eksamenar. Ho er no ferdig med sitt år på ASD - so det vert mange å ta avskjed med for ho òg. Nokon vil ho nok treffa att når ho kjem til Qatar på besøk - men ikkje alle - so sjølv om ho gledar seg veldig til å koma tilbake til Norge - so er det nok litt vemodig å reisa herifrå òg.

Det er no nesten 50 grader her - det er heitt!! Men - me må likavel sola oss litt - kan ikkje koma bleika heimatt...

OG - viss alt går etter planen landar me på Gardemoen søndag kl. 1100!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar