søndag 27. september 2009

H1N1 - og stengte skular

Fekk seint i går beskjed om at ASD ikkje vert åpen fyrste veka etter Eid.
Det er Supreme Council of Education som bestemmer at alle skular i Qatar må halda stengt ei veka (1. veka etter Eid-ferien) for å hindra spredning av swine-flue. Ante nok at den norske skulen òg måtte stenga - men høyrde ingenting i løpet av kvelden - so Erik for avgårde til normal tid.
Men - utpå dagen idag so ligg dette på websidene til Qatar Norwegian School:
Ministry of Education i Qatar har bestemt at alle skolene i landet skal være stengt fram til 4. oktober. Dette er bekreftet av HR sjef i Qatalum Salman Al Kuwari. Grunnen er fare for spredning av ”svineinfluensa".
Men - det vert ikkje ei ekstra ferieveka - dei får oppgåver å jobba med - som skal leverast inn fortløpande!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar