lørdag 26. september 2009

Ørkentur

Forrige fredag var var me på sesongen fyrste ørkentur. Me hadde utsett ørkentur pga varme i både luft og vatn - men no var vatntemperaturen under 35 grader - so då fann me ut at det var leveleg. Var ca 40 bilar oppstillt på Inline Sea - og trur 10 av dei var Årdøler.

Det vart ein kjempefin dag. Køyrde tracket ut - 5 bilar i lag. Fam Nytun Fossøy var på sin fyrste ørkentur - og dei klarde seg kjempefint. So var det soling, bading og sosialt samvèr ved Inline Sea - og deretter dynekøyring tilbake. Og - det er alltid artig å treffa på kamelar!!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar