lørdag 26. september 2009

Cairo


So var endeleg Ramadan ferdig - og det var Eid - og ferie. Mange Qatalum-tilsette nytta sjansen til å utforska andre land - me valte å ta ein byferie til Cairo - ilag med fam. Nytun Fossøy. Hovedmålet var pyramidane og Sfinxen, jentene skulle sjølvsagt på shopping, so måtte me få med oss basarane i tillegg til at me skulle kosa oss å ha ferie. Hotellet me budde på låg like ved egyptisk museum - so me fekk med oss det òg.

Me hadde nokre fine dagar i Cairo - men det vart ikkje heilt som me hadde tenkt oss. Hadde trudd at me kunne ut å gå og kika litt rundt - men det var heilt håplaust. Det yra av folk og bilar overalt - håplaust å koma se fram - so det vart til at me tok taxi til og frå dit me skulle. Bilparken i Cairo kan ikkje heilt samanliknast med Qatar (såg ikkje mange Pradoar der nei...) - taxiane var gamle, små, rusta og bulkete - for det meste utan selar og sjølvsagt utan AC. Og - det er heilt utruleg at det skal vera so vanskeleg å køyra i filene ....











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar