onsdag 7. oktober 2009

Haustferie i Norge

Denne veka er det haustferie i Årdal - og me har Årdalsbesøk. Veninna til Gøril - Anita - kom allerede natt til torsdag medan Tove Mette m/fam kom natt til laurdag - so no er det folksomt her. -Og mykje logistikk med ein storfamilie på 10 stk!! Men det går veldig greit - og det er kjempekjekt med besøk.



Ove, Anders, Gøril, Anita og Eirik prøvde seg allerede laurdag på ATV-køyring - men det var for mykje vind - masse sand i lufta - so det vart kun ein liten forsmak på ørken for dei.

Dagane går stort sett med til bading - bassenget i compounden har sjølvsagt vore mykje i bruk - men dei har òg vore på Seeline der det vart bading både i sjøen og på stranda og dei fekk òg nokre timar på Al Banush - klubben vår.
OG - og og Tove Mette har sjølvsagt fått stelt hender og føtter på Beauty salongen!!

Legg ved nokre bilder frå souqen - alltid kjekt å ta med besøkande dit!! Ungane likte spesielt godt 'dyre-souqen'.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar