mandag 19. januar 2009

Kvardag - og litt fest




Etter 2 veker med å farta rundt på ulike møbelbutikkar ++ har me no fått handla inn det meste av det me treng. Manglar enno litt - men ingenting som hastar. Me fann iallefall ut at me var komen sopass i orden at me kunne ordna til ein liten fest - og laurdag fekk me samla ein del (14) av dei 'Årdølene' som har vore her i Qatar no i haust + eit par nye (våre nye naboar - Odd og Jorunn Lerøy) samt nokre ungar.
Resten av helga blei brukt til avslapping ute i 'hagen' og ved bassenget. Jentene var på City Center (shopping og film) medan Eirik brukte mykje av helga på sitt nyinnkjøpte WII-spel (Guitar Hero World Tour - med gitar, mic og trommer)

Ellers so er det no vorte skikkeleg kvardag att. Ungane er godt i gang med skulearbeid. Marte har nokre eksamenar denne veka - 1. semester på Amercian School er ferdig på torsdag - og nytt semester er då igang på søndag.

Eg har no brukt søndagane til å jobba intensivt ute på Site. Dagane ellers har det vorte veldig sosialt her i Compunden - men litt jobbing innimellom vert det no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar