søndag 4. januar 2009

Jul /nyttårsfeiring i Norge - og so Qatar att

Har no vore heime i Norge i over 3 veker - me var alle glade for at me valte å ta juleferien i Norge. Marte var med i American School of Doha sin oppsetnign av West Side Story - og eg, Gøril og Eirik var på premieren. Veldig bra - var fleire norske der og såg på - for i tillegg til Marte so var òg ein av lærarane på den norske skulen med i orkesteret.

Siste dag på skulen arrangerte den norkse skulen juleverkstad - var kjekt med litt julestemning. Ungane baka pepparkaker, støypte lys og lagde juletrekorger. Det vart servert graut, saft, kaffi og kaker. Veldig koseleg.
Avreisen til Norge starta ikkje bra. Me hadde bestilt taxi - men den kom ikkje - so eg måtte til slutt (etter å ha venta ei stund) ta bilen - og fann då ut at det ikkje berre er dyrt - men veldig dyrt å parkera på flyplassen!! Men - me fekk heldigvis overlevert nøkkelen til ein som skulle nedover til qatar veka etter - so det vart ikkje so gale.

Resten av ferien gjekk som planlagt - mykje avslapping framfor TVen (var veldig kjekt med Norsk TV!!), roleg julefeiring ilag med slekt og venner og til slutt nyttåarfeiring hjå Eldar og Torill på Bærums Verk. Litt småsjuke var me vel omtrent alle - men det gjekk heldigvis fort over. Ungane var òg ein del på besøk i gamleklassane sine - kjekt å treffa att gamle klassekameratar. Inger Marie var òg mykje på jobb - medan Ove slappa meir av - og fekk sjølvsagt tid til nokre treningsturar på ski.

Tida i Norge gjekk veldig fort - og snart vart det tid for Qatar att. Turen tilbake gjekk fint - men vel framme var me ein kuffert i minus - men det dukka heldigvis opp dagen etter..

1. dagen i Qatar besto av soving til langt på dag, trening, middag på AlBanush og so pakking - for dagen etter skulle me flytta tal Al Wakrah.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar